Ring 52 75 70 70 / 951 49 783

Helse Fonna BUP

Barne- og ungdomspsykiatrisk Haugesund gir ulike tilbod til barn og unge og deira pårørande i vår region.

I vårt arbeide er vi opptatt av å sjå barn og unge sine vanskar i eit utviklingsperspektiv, der kontekst, relasjon og familie er viktige faktorar.

Opptaksområde
Poliklinikk: Opptaksområdet for BUP Haugesund er Sveio, Haugesund, Utsira, Karmøy, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Ein barne- og ungdomsbefolkning på om lag 28 000 innbyggjarar i alderen 0-18 år.

Døgnpostar: Opptaksområdet er alle 17 kommunar i Helse-Fonna – Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad, Odda, Ullensvang, Suldal, Sauda, Etne, Vindafjord, Bokn, Tysvær, Haugesund, Utsira, Sveio og Karmøy. Ein barne- og ungdomsbefolkning på om lag 42 000 innbyggjarar i alderen 0-18 år.

Kven er vi?

BUP Haugesund har eit stort, flott bygg på austsida av Karmsundgata ved Haugesund sjukehus. Vi er nærare hundre tilsette fordelt på Poliklinikk, Barnepsykiatrisk døgnpost og Ungdomspsykiatisk døgnpost.

I Poliklinikken og ved døgnpostane jobber psykologspesialistar, overlegar, kliniske pedagogar, kliniske sosionomar, kliniske barnevernpedagogar, spesialsjukepleiarar og kliniske miljøterapeutar. Vi jobber i tverrfaglege team. I tillegg har vi sekretærer som tek imot deg når du kjem til oss.
Tilvising
Tilvising til BUP Haugesund skjer frå barn/ungdom med føresette i samarbeid med lege, PPT eller barnevern.